Performativ tekst
# 02-03/08
Redaktører: Kjersti Instefjord (Utflukt) , Ingebrigt Hetland (Forum for samtidsdramatikk), Elin Høyland (Podium)
Leiar:
Utflukt har denne gongen bevegd seg utanfor tidsskriftet sine fysiske rammer. Dette nummeret handlar om den performative teksten og er del av eit samarbeid med Forum for samtidsdramatikk og Podium. Me ville sjå om det var visse litterære uttrykk som tydeleg kunne kallast performative. Det var der det begynte, som eit eksperiment i å prøve begrepet, og ei utforsking av tilhøvet mellom teori og praksis.
Me bestemte oss for å teste begreper gjennom tre steg: 1) me lanserer ein open konkurranse kor med ber om performative tekstar, 2) me produserer eit Utfluktnummer kor me presenterer noko av det me får inn, i tillegg til teoretiske og kunstnariske perspektiv på begrepet, og 3) me arrangerer tre ulike kunstnariske livepresentasjonar av teksten, som ei utforsking av det performative i møtet mellom det tekstlege og live- eller scenebaserte.
Utgangspunktet for nummeret er slik tufta på ei lyst til å uforske og vise fram eit særeiget litterært rom, som på si side er kjenneteikna av at det vanskeleg let seg definere. Den performative teksten bekrefter seg gjennom sjangeravviket, i ikkje ukjend avantgardistisk ånd. For å peike på eit anna vanleg trekk, vender den performative teksten seg ofte til lesaren på ein annan måte enn den tradisjonelle litteraturen; den performative teksten inviterer lesaren inn som medskapar, ikkje berre som i ei vanleg litterær utveksling, der lesaren etter endt lesnad sit igjen med ei historie, meir eller mindre heil. Teksten føreset at lesaren går inn i teksten som medskapar, teksten har dette ikkje berre som ei mulegheit, teksten er avhengig av at lesaren invisterer sin eigen kropp og horisont i lesinga for at teksten skal gi/få meining. Teksten er ein stemme, ei handling, ei fordring om å komma inn i dette universet og ta del i det.
Ein kan seie at all tekst er performativ i kraft av å vere eit kommuniserande medium, eit møtepunkt mellom ulike erfaringssfærer: forfattaren, teksten, lesaren. Tanken og kroppen, skrifta og stemmen, skrivinga, lesinga, opplevinga. Men ein kan òg frå dette generelle perspektivet tenkje seg det performative som del av eit meir spesifikt vende i kunsten kor det visuelle, kroppslege og tekstlege ikkje inngår i ei kategorisk inndeling mellom biletkunst, scenekunst og litteratur. Snarare blir det visuelle, kroppslege og tekstlege framheva som mulege trekk ved alle kunstnariske produksjons- og resepsjonsformer. Slik det kroppslege og visuelle kan skrivast inn i ein tekst, har teksten òg ein visuell og kroppsleg dimensjon ved seg. Med den performative teksten assosierer ein gjerne òg til ein utøvande dimensjon. Teksten som eit pustande her og no, som ei bryting, ei opning, og ein søken utover sitt eige intakte formunivers.
«Whordwhore» er tittelen på vinnarbidraget i konkurransen. Denne tittelen er ikkje berre tittelen til ein tekst vi godt kan kalle performativ. Tittelen framstår i seg sjølv som ein treffande kommentar til performativ tekst-begrepet; det grenseoverskridande, det forbudte, det nærast forderva tilhøvet mellom kroppsleg og språkleg eksistens.
Vi vonar at dei ulike innfallsvinklane og refleksjonane som følgjer kan inspirere til vidare utforsking og produksjon av performativ tekst.
Utgivelsen er støttet av Kulturrådet og Fritt Ord
